Foto: Anja Bakken.
Dette er heimesida til meg og forlaget mitt, Medvit forlag, etablert i 2023.
Medvit forlag gjev i år ut boka Kjønnstru – Kampen om røynda.
Eg er religionsvitar av utdanning, og var fram til sommaren 2023 professor i religionsvitskap ved Universitetet i Stavanger. Eg har også i mange år engasjert meg i kampen for kvinner og barns rett til ikkje å bli underlagt skadelege, kulturelle førestillingar og praksisar. Fordi eg, til liks med kvinnesakskvinner over heile verda, ser at tru på kjønn som essens og sjelekvalitet (også kalla «kjønnsidentitet») nettopp er døme på skadeleg, kulturell førestilling og praksis, har eg blitt utsett for trakassering og mobbekampanjar. Dette førte til at eg måtte seia opp jobben som professor ved UiS.
Eg har vore aktiv i den radikale kvinnerørsla i fleire tiår. Eg er nå nestleiar i den norske avdelinga av Women’s Declaration International, der Christina Eline Ellingsen er leiar. Eg har også inntil for få år sidan vore aktiv i norsk politikk på venstresida, og satt mellom anna i Stavanger bystyre for det som då heitte Raud Valallianse, og var medlem av Kvinneutvalet i Raudt. Eg er utmeldt av partiet nå, og er som så mange andre tidlegare venstreradikale kvinnesakskvinner, politisk heimlaus.
Som religionsvitar har eg vore opptatt av religion i samspel med andre kulturuttrykk. I forskinga mi har eg undersøkt korleis menneske har skapt og fortolka religion og spiritualitet, mellom anna relatert til tema som kropp, terapi, kjønn, klasse, makt, natur, liding, død, grenseoverskriding og fortid. Det vil etterkvart på sida bli lagt ut informasjon om artiklar, bøker og forskingsformidling eg har produsert gjennom åra som akademikar.